Menytittel
Your headline
Image caption appears here
$49.00
Add your deal, information or promotional text
Lekker laurdagsjakke er ein mjuk og delikat kardigan med i-cordkantar og hekter til lukking. Du vel sjølv kor mange hekter du vil ha. Jakka blir strikka ovanfrå og ned med 1 tråd Eir saman med 1 tråd tynn Eir.
Dette er berre oppskrift i PDF som du får tilsendt på mail ved kjøp.
Storleikar:
1 (2) 3 (4) 5
Mål:
Overvidde: ca. 82 (89) 97 (103) 113 cm
Jakka er elastisk og framstår noko større enn måla her.
Lengde: 50 (52) 53 (55) 57 cm
Armar: 47 (48) 48 (49) 49 cm
Garn:
Telespinn Eir og tynn Eir
Garnforbruk:
300 (300) 350 (400) 400 g Eir saman med
150 (150) 200 (200) 200 g tynn Eir
Jakka på biletet er stikka i fargen E268S og T268S Svart-burgunder
Rettleiande pinnar:
Rundpinne nr. 3 og 3.5 (og settpinnar dersom du ikkje bruker magic loop).
Strikkar du laust, kan det vere du må gå ned på pinnestorleik, og opp dersom du strikkar stramt.
Strikkefastheit:
22 masker / 30 omgangar = 10 cm
Råd om storleik:
Jakka kan ha ei rørslevidde som er tilnærma lik brystmåla dine. Ynskjer du ei ettersittande jakke bør du velje ein storleik med mindre overvidde enn eige brystmål. Såkalla “negative ease” betyr at plagget er designa for å vere mindre enn kroppens mål, fordi jakka er elastisk og vil tilpasse seg kroppen din. Ynskjer du derimot ei romsleg jakke, såkalla “positive ease”, vel du ein storleik med større overvidde enn eige brystmål.