Menytittel
Your headline
Image caption appears here
$49.00
Add your deal, information or promotional text
Genser i Tjukk Eir. Mønsteret er inspirert av ein gammal genser frå garden Midt-Svartdal der Telespinn ligg. Genseren blir strikka ovanfrå og ned.
Dette er berre oppskrift i PDF som du får tilsendt på mail ved kjøp.
Størrelsar:
1 (2) 3 (4) 5 (6) 7
Mål:
Overvidde: ca. 94 (101) 106 (112) 117 (124) 129 cm
Lengde: ca. 53 (55) 56 (58) 60 (61) 63 cm
Garn:
Telespinn Tjukk Eir (50g = 117 m)
Garnforbruk:
Hovudfarge: 550 ( 550 ) 550 (550) 600 (600) 650
Mønsterfarge: 100 (150) 150 (150) 150 (150) 200
Den blå genseren er strikka i Kvit-blå J300K som hovudfarge og Naturkvit J001K som mønsterfarge. Den brune genseren på siste biletet er strikka i Kvit-brun J07K som hovudfarge og Naturkvit J001K som mønsterfarge.
Rettleiande pinnar:
Rundpinne nr 2.5 og 3 (og settpinnar dersom du ikkje bruker magic loop).
Strikkar du laust, kan det vere du må gå ned på pinnestørrelse og opp dersom du strikkar stramt.
Strikkefastheit:
26= 10 cm
NB! Dette er ganske tett. Genseren bør ha den tettleiken for å oppnå jamnast mogleg resultat der mønsteret kan kome tydeleg fram.
Størrelsesguide
Genseren i oppskrifta bør ha ei rørslevidde (positive ease) på 10-20 cm. Liker du den tettsittande, kan du velje den størrelsen som har mindre rørslevidde.
Døme: Har du ei brystvidde på 84 cm bør du velje størrelse 1 eller 2 (dersom du ynskjer genseren litt vid).
Måler brystet ditt 107 cm, men du ynskjer ein litt tettsittande genser kan du velje størrelse 4.