Telespinn og kulturlandskap

Telespinn har sitt utspring i verdiskapingskjeda; frå “jord til produkt”. Vi ynskjer å ta naturressursane i bruk, oppretthalde husdyrproduksjon som næring og halde kulturlandskapet i hevd. Kulturlandskap omfattar alt landskap der menneske har påverka og utnytta ressursane. Såleis er kulturlandskap forma gjennom eit samspel mellom natur og kultur frå istid til notid.

Kulturlandskapet er i stadig endring, som eit produkt av menneskeleg aktivitet og klimatiske endringar.Nokre rammer er gjevne og må i kulturlandskapssamanheng aksepterast. Men enkelte faktorar kan vi ha innverknad på og kontroll over.

Jordbrukets kulturlandskap forma av tradisjonelle driftsformar i mange generasjonar er eit kulturlandskap med særpreg. Dette landskapet rommar mange biologiske, kulturhistoriske og estetiske verdiar. Summen av desse verdiane er ein heilskap det er særs viktig å ta vare på. I åra etter 1950 har endringane i jordbrukslandskapet vore dramatiske for desse verdiane. Telespinn ynskjer å motivere til felles innsats for verdiane denne kulturarven og ressursen representerer.

Kulturlandskapet og mohairgeita

Geiter i kulturlandskapet

Husdyrhald er avgjerande for å halde kulturlandskapet i hevd. Mohairgeita er nøysam i matvegen, og gjer ein god jobb som beiteryddar. Geitene er glad i lauvtre og urter. Over halvparten av føda er blad og bark frå lauvtre. Dei gjer ein særskild god jobb for å hindre at landskapet lukkar seg med tett skog. Nye treskot er det beste ein kan tilby desse geitene. Mohairgeitene beiter i ei bestemt rekkjefølgje, og dei beiter ikkje heilt snautt. Det står gjerne att om lag 10 cm vegetasjon der geitene har beita. 

Kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal

Svartdal og Hjartdal har eit spesielt verdifullt kulturlandskap. Bygdene har små gardsbruk og bratte jorde med slåtteeng, haustingslier og beitemark. Her er mykje gamalt kulturlandskap intakt som eit resultat av at tradisjonell drift har vore opprettheldt i særs lang tid.  I tillegg til gamal kulturmark er det og eit mangfald av kulturminne som steingjerde, røyser, bakkemurar og gamle ferdselsårer. Det er hus frå mellomalderen og eit stor tal bygningar frå 1800-tallet. Desse rike kulturmarkene saman med det store mangfaldet av kulturminne gjer at området har store økologiske og kulturhistoriske verdiar. Kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal er eit referanseområde og ei levande historiebok. Sentralt i dette verdifulle kulturlandskapet er vi i Telespinn etablert på garden Midt-Svartdal i Svartdal.

Svartdal

I slåtteengfloraen i Svartdal finn ein truleg noko av landet sine mest individrike førekomstar av orkidéen søstermarihand, Dactylorhiza sambucina. Søstermarihand er trulig den Dactylorhiza-arten som er mest knytta til gammeldags dreven kulturmark. Ho er avhengig av ugjødsla slåtteenger og beitemarker med god tilgang på lys. Med moderne jordbruk er dette kulturlandskapet truga, og søstermarihand er derfor klassifisert som sårbar på raudlista og totalfreda i Noreg. Søstermarihand er fylkesblomen i Telemark og marigarnet vårt har fått navnet sitt frå blomen.

Søstermarihand - flower in telemark