Søk

Søk

Image caption appears here

Add your deal, information or promotional text

Mjuk måndagsgenser

Ein anvendeleg og luksuriøs kvardagsgenser i Eir. Genseren blir strikka ovanfrå og ned med raglanaukingar til armar. 

Dette er berre oppskrift som du får tilsendt som PDF på mail ved kjøp. 

Storleikar: 
1 (2) 3 (4) 5 (6) 7

Mål:
Overvidde: ca. 103 (110) 115 (121) 126 (131) 136 cm
Lengde: ca. 50 (52) 53 (54) 57 (60) 61 cm (målt midt bak)

Garn:
Telespinn Eir (50g = 175 m)

Garnforbruk:
400g (400 g) 450g (500g) 500g (550g) 600g

Genseren på framsida er strikka i E050K Kvit-svart.

Rettleiande pinnar: 
Rundpinne nr 2.5 og 3 (og settpinnar dersom du ikkje bruker magic loop).

Strikkar du laust, kan det vere du må gå ned på pinnestorleik og opp dersom du strikkar stramt. 

Strikkefastheit:
24 m, 34 omg = 10 cm

Storleiksguide
Genseren i oppskrifta bør ha ei rørslevidde (positive ease) på ca 20 cm. Likar du den tettsitjande, kan du velje den storleiken som har mindre rørslevidde. 

Døme: Har du ei brystvidde på 84 cm bør du velje storleik 2 dersom du ynskjer genseren litt romsleg og storleik 3 dersom du ynskjer genseren vid. 

Måler brystet ditt 118 cm, men du ynskjer ein litt tettsitjande genser kan du velje storleik 4.