Kulturlandskap
Kulturlandskap omfattar alt landskap der menneske har påverka og utnytta ressursane. Såleis er kulturlandskap forma gjennom eit samspel mellom natur og kultur frå istid til notid.
Kulturlandskapet er i stadig endring, som eit produkt av menneskeleg aktivitet og klimatiske endringar. Nokre rammer er gjevne og må i kulturlandskapssamanheng aksepterast. Men enkelte faktorar kan vi ha innverknad på og kontroll over.
Jordbrukets kulturlandskap forma av tradisjonelle driftsformar i mange generasjonar er eit kulturlandskap med særpreg. Dette landskapet rommar mange biologiske, kulturhistoriske og estetiske verdiar. Summen av desse verdiane er ein heilskap det er særs viktig å ta vare på. I åra etter 1950 har endringane i jordbrukslandskapet vore dramatiske for desse verdiane.
Kulturmark
Kulturmark blir til ved bruk og utnytting av naturen gjennom driftsformer som slått, beite, lauving, hogst m.m. Dei gamle kulturmarkene er dominert av ville artar som er tilpassa den tradisjonelle driftsforma menneska har hatt på desse areala over lang tid i mange generasjonar.
Kulturlandskapsskjøtsel
Kulturlandskapsskjøtsel inneber å ta vare på kulturmark forma gjennom fleire generasjonar ved tradisjonell drift og utforming av område. Skjøtselen er viktig for landskapsbiletet, men den er og viktig for mangfaldet av planter og dyr knytt til det historiske kulturlandskapet.
Slått og beite i kulturlandskapet
Tradisjonelle driftsformar som slått og beite held landskapet opent fordi busk- og tre ikkje kjem til. Dermed får dei konkurransesvake artene i engene som krev lys gode livsvilkår.
Mange av slåttemarkene vart lagt ut til beite da den tradisjonelle slåtten i hovudsak opphørte på 1950-tallet. Bruksendringa førte til at det slåttemarkspreget i kulturmarka vart øydelagt. Attverande slåttenger i dag er særleg verdifulle og bør slåast.
Lauving og kyllte tre
Eit viktig biologisk kulturminne er dei mange gamle trea som vart lauva eler kyllt på seinsommaren eller tidleg haust for å skaffe vinterfôr. Greiner og kvister vart kappa frå større lauvtre. Desse vart vidare kappa med lauvhakke og lagt saman i kjerv og tørka. Selje, alm. Rogn og noko ask var mykje bruka tresortar til dette føremålet i Svartdal. Fleire sjeldne insektartar er knytt til desse trea. På garden Myljom-Tho i Hjartdal finn ein flotte lauvingslider i drift. Garden tek i mot besøk for omvisning i kulturmarka på Myljom-Tho.
Søstermarihand
I slåtteengfloraen i Svartdal finn ein truleg noko av landet sine mest individrike førekomstar av orkideen søstermarihand, Dactylorhiza sambucina. Søstermarihand er fylkesblomen i Telemark. Les meir om søstermarihand i +artikkelen ”De gamle slåttemarkerkene i Svartdal og Hjartdal” av Ann Norderhaug.
Kulturminne
Kulturminne er spor etter menneske, reiskap og aktivitet. Kulturlandskap som har vore utnytta til slått, beite, og fôrsanking gjennom lang tid har eit mangfald av kulturminne. Bygningar, gamle tufter, steingardar, gjerde, rydningsrøyser, murar, kløvstigar, klopper og vad er berre nokre av mange døme på kulturminne i kulturlandskapet.







