Telespinn og kulturlandskapet
Telespinn har sitt utspring i verdiskapingskjeda; frå ”jord til produkt”. Vi ynskjer å ta naturressursane i bruk, oppretthalde husdyrproduksjon som næring og halde kulturlandskapet i hevd.
Husdyrhald er avgjerande for å halde kulturlandskapet i hevd. Men skal vi verne om det biologiske og kulturhistoriske mangfaldet, utvikla gjennom bruk og hausting i generasjonar, må vi og ha kunnskap om kulturlandskap og rett skjøtsel. På denne sida finn du litt om:
- Kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal
- Kulturlandskapet og Mohairgeita
- Kulturlandskap, fagkunnskap og fagmiljø
I tillegg finn du linkar til meir stoff og aktuelle fagmiljø i spalte til venstre.
Telespinn ynskjer å motivere til felles innsats for verdiane denne kulturarven og ressursen representerer. På brosjyrar og produktpakker frå Telespinn har vi korte tekstar om kulturlandskap.
Kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal
Svartdal og Hjartdal har eit spesielt verdifullt kulturlandskap. Bygdene har små gardsbruk og bratte jorde med slåtteeng, haustingslier og beitemark. Her er mykje gamalt kulturlandskap intakt som eit resultat av at tradisjonell drift har vore opprettheldt i særs lang tid.
I tillegg til gamal kulturmark er det og eit mangfald av kulturminne som steingjerde, røyser, bakkemurar og gamle ferdselsårer. Det er hus frå mellomalderen og eit stor tal bygningar frå 1800-tallet.
Desse rike kulturmarkene saman med det store mangfaldet av kulturminne gjer at området har store økologiske og kulturhistoriske verdiar. Kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal er eit referanseområde og ei levande historiebok. Sentralt i dette verdifulle kulturlandskapet er vi i Telespinn etablert på garden Midt-Svartdal i Svartdal.
Biolog og forskar Ann Norderhaug har hatt fokus i Hjartdal/Svartdal sidan 1985 då ho reiste rundt for å lokalisere artsrike slåtteenger i samband med hennar doktoravhandling om urterike slåtteenger. Ho har intervjuet bøndene og innhenta detaljkunnskap om den kontinuerlege skjøtselen som over lang tid har forma kulturmarkene i Hjartdal og Svartdal. Ann gjer framleis feltarbeid i engene i Svartdal og er lokalkjent i bygdene.
Ann Norderhaug fekk Nordisk Råds Natur og miljøpris 2005 for arbeidet med det Nordiske kulturlandskapet. Les meir om kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal i artikkel av Ann Norderhaug.
| Nordbygda i Hjartdal | Svartdal |
Kulturlandskapet og mohairgeita
Mohairgeita er nøysam i matvegen, og gjer ein god jobb som beiteryddar. Geitene er glad i lauvtre og urter. Over halvparten av føda er blad og bark frå lauvtre. Dei gjer ein særskild god jobb for å hindre at landskapet lukkar seg med tett skog. Nye treskot er det beste ein kan tilby desse geitene. Mohairgeitene beiter i ei bestemt rekkjefølgje, og dei beiter ikkje heilt snautt. Det står gjerne att om lag 10 cm vegetasjon der geitene har beita. Det blir eit flott og særmerkt kulturlandskap etter mohairgeitene.
På sikt ynskjer Telespinn å sjå nærmare på korleis mohairgeita utnytter landskapet i forhold til å ta vare på det biologiske mangfaldet. Saman med Bioforsk Midt-Norge ynskjer vi å dokumentere samanhenger mellom beitemønsteret til geitene og kvaliteten på fiberen. Ein fyrste kontakt med Bioforsk om eit mogleg forskingsprosjekt har funne stad.
![]() |
![]() |
Kulturlandskap, fagkunnskap og fagmiljø
Kulturlandskapssenteret i Telemark
Kulturlandskapssenteret er ein møtestad og eit nettverk som samlar og formidlar kunnskap om kulturlandskap. Dei har fokus på både fagleg kunnskap om kulturlandskap, praktisk skjøtselskunnskap, restaurering og ikkje minst kunnskap om næringsutvikling basert på verdifullt kulturlandskap. Kulturlandskapssenteret er lokalisert i Hjartdal i hjartet av bygdetelemark. Nettstaden Kulturlandskap.net er utvikla i samarbeid mellom Kulturlandskapssenteret i Telemark og Norsk Kulturarv og. Det er ein nettverksbase for formidling og kompetanseutvikling. Her finn du mykje fagkunnskap tilgjengeleg om kulturlandskap.
”Skjøtselshåndboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker”
Det er utarbeid ei unik handbok om kulturlandskap med flotte illustrasjonar og foto. Boka er tenkt som eit oppslagsverk for bønder, forvaltning, organisasjonar, museum og alle med interesse for kulturlandskap. Forfattarane er forskarar med særskild god kunnskap om dei gamle kulturmarkene. ”Skjøtselshåndboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker” er lagt ut på sidene til Direktoratet for Naturforvaltning og du kan laste ned utan kostnad.
I spalte til venstre finn du linkar til fleire fagmiljø og meir fagkunnskap om kulturlandskap.
”Generell skjøtselsplan for kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal”
”Generell skjøtselsplan for kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal” bygger på ein plan utarbeidd av ”Kulturlandskapsprosjektet i Svartdal” 2000-2002”. Den siste utgåva er utarbeidd i regi av eit samarbeid mellom Noregs Vel og Eldhusprosjeket i Hjartdal / Svartdal.
”Generell skjøtselsplan for kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal” omhandlar praktisk gjennomføring av ulike skjøtselstiltak og er eit viktig tillegg til planar utarbeidd på gardsnivå i bygdene. Vurderingane er gjort på eit overordna nivå (dvs ikkje ned på gards-nivå) og det er tatt utgangspunkt i dei mange elementa som samla gjer kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal verdifullt både i Telemark og nasjonalt.









